Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Nordfjord sjukehus
Publisert av: B.Aa.ide - 23. jan 2012

.

Ved gjennomgang av dei 4 skrifta som er skrevne i høve 25, 35, 50 og 75 årsfeiringane av Nordfjordlaget, fann eg ei lita historie om Nordfjord sjukehus som kanskje kan passe i desse dager. Bilde er henta frå 25 års skriftet.

På side 25 kan ein lese fylgjane: 

"Samhugen med bygdene heime har laget hatt høve til å syne mange gonger. Etter dei store skredulukkene nokre år tilbake hadde laget ei tilskiping i Gimle. Huset var meir enn fullsett, og laget såg seg i stand til å senda ei lita hjelp til dei skadelidne. Like eins vart det i 1934 sendt nokre hundrede kroner til Nordfjord sjukehus, for å hjelpe til at det kunne kome i gong. Og nokre gonger ellers har laget sett seg høve til ei handsrekning til nordfjordingar her i byn. Laget skipa og til i Taraldsets formannstid eit gilde for gamle nordfjordingar i Bergen. Det vart ein sers minnerik kveld. Før sjukehuset i Florøy kom i gang, kom fleire til Bergen til sjukehusa her enn no - og enda ferre vart det då sjukehuset på Eid vart teke i bruk. Det kunne då hende at sjuke låg her utan å ha nokon kjende som såg til dei.

Nordfjordlaget tok då opp dette spørsmålet og skreiv til blada i Nordfjord og baud seg til å hjelpe til med dei sjuke om det trongst. Det vart og i 1921 ved I.Lunde skrive ei oppmoding til formannen i Firdalaget og til prestane i nordfjord om å sende melding til laget om nordfjordingar som kom sjuke hit. Ei tid frametter kom fleire slike meldingar, og dei sjuke vart då vitja på sjukehuset av sambygdingar dei kjende." 

Det var i den tid. I dag kjempar nordfjordingane ved Sjukehusaksjonen fortsatt for lokalsjukehuset sitt. Kanskje kan nordfjordingar i Bergen gje si støtte no so i 1934?