Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Grammy nominert
Publisert av: B.Aa.Eide - 08. feb 2012

.

Som kanskje ikkje alle har fått med seg så er Kjetil Almenning, domkantor i Bergen og frå Gloppen, nominert til den verdskjente Grammy prisen.

I byrjinga av desember vart det kjent at Kjetil Almenning frå Gloppen var vorten innstilt som ein av 4 i gruppa for "Best Choral Performance" med plata Kind. Han reiser i morgen tidleg, torsdag 9. februar, for å vere tilstades under utdelinga av Grammy prisane for 2011. Etter det eg kunne sjå er det 78 prisar som skal delast ut sundag den 12. februar i Los Angeles.

Musikken på plata er framført av Nidaros Strykekvartett og Ensamble 96 som då Kjetil har dirigert. Det er nok første gongen nokon frå Nordfjord er mominert til slik ein pris. Vi er stote over arbeidet hans og ynskjer han vel av gårde og håper han kan verte den fyrste Nordfjording som vert tildelt ein slik pris.

Grammy er ein amerikansk pris som vert utdelt  av Recording Academy. Utdelinga har foregått sidan 1959 for fremragande prestasjonar innan musikk