Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Dugnad på hytta?
Publisert av: B.Aa.Eide - 05. juni 2012

.

Lagshytta 2012

Laurdag 2. juni kom Sigbjørn og Toril med sine 3 håpefulle til lagshytta saman med underteikna. Vi hadde ei fin helg med mykje sol, men også med ein del vind. Oppdaga etter kvart at der er ein del å ta tak i.

Sjølve hytta er i utmerka god stand, ei triveleg hytte. Utanfor var det ein del gras som skulle ha vore fjerna og eg oppfordra dei som tek turen til hytta og trur dei får ei ledig stund, tek med seg litt verktøy.

Ugraset veks godt i skråninga, men det vert teke vare på av Alf Kråkenes. Et grev eller kantklippar hadde gjort seg for å fjerne gras/ugras langs kantane og på plassen.

Naustet trengst å verta måla, både dører og veggar. Eine kjettingen av dei 4 kjettingane som held flyte bryggja på plass er rusta av og må reparerast ved fjære sjø. Fender på flytebryggja må også fiksast på. Plastbåten har lege ute i eit heilt år og det synest. Fender på båten er delvis reve av på styrbord side og undersida er godt dekt med groe av ymse slag. Når det gjeld nøklar til båten så heng dei i hytta. Der er to nøklar på same knippe, ein for å starte og ein til hengelåsen. Motoren har vore til service, men den ville ikkje starte etter at vi med ein del arbeid fikk den på plass og fikk montert stag og andre forbindelsar. Truleg er det batteriet som er defekt sjølv om det er opplada, var på same måten i fjor også. Vi brukte start snor og etter ein del forsøk vfikk vi start på motoren og justert den inn. Ein tur på sjøen vart det også, men bårene var store og ungane vart våte så det vart berre med den eine turen. Fiske frå flytebryggja var like populert. 

Færingen ligg i naustet, såg bra ut. Skulle ikkje være vanskeleg å få ut dersom ein er eit par stykkje og det ikkje er fjære sjø.

Vi hadde ei fin helg på hytta, ungane storkosa seg og ser fram til fleire turar. Nestegong skal eg ta med meir verktøy for bruk ved ledige stunder.