Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

17. mai utan lagsfana i år?
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. apr 2013

.

Det er ein tradisjon at alle bygdelga stiller med lagsfanene i Domkirka under gudtjenesta om morgonen 17.mai. Utruleg kjekt å delta. Deretter går laga med fanene til hovedprosesjonen for å vere med der.

Nordfjordlaget har fått kritikk av ein del nordfjordingar når vi ikkje har makta å få nokon til å bære fana i 17.mai toget. I år slit vi også. Årsaka er ymse og spesielt at mange reiser tilbake til nordfjord denne dagen. 

Om nokon kan tenkje seg å gå med fana og under lagsfana i 17. mai toget i Bergen er vi interessert i å få tilbakemelding. Håpar nokon kan påta seg oppgåva. 

Eigen erfaring er at det er mykje kjekkare å gå i toget under ei lagsfane enn å stå på fortauskanten for å sjå på. Er ein med i toget får ein helsa på mange fleire. 

Alle frå by- og bygdelaga er velkomne i Domkyrkja, med og utan faner. 

Tradisjonen har vore at når ein er ferdig i Domkyrkja så har Krohnengen Brass Band gått i spissen for lagsfanene bort til oppstillingsplassen for hovudprosesjonen. I år har dei andre oppgaver så det vert difor berre å ta oppstilling etter gudstjenesta, for dei som ynskjer å det, og gå utover til Koengen vial lille Øvregate, ned Mariakyrkja, til høgre bort Øvre Dreggsallmenning (eit kvartal), litt til høgre i Sandbrogataten og inn porten til Koengen. Still deretter opp framme i kolonne 4.