Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Dugnad på hytta 10. mai
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. mai 2014

.

Den 10. mai var det dugnad på hytta i eit flott arbeidsveir. Frå ein av deltagarane, Einar Hansen, har vi fått denne tilbakemeldinga: 

Rapport frå dugnaden på Nordfjordlaget si hytte, laurdag 10. mai 2014

6 frammøtte seniorar tok del i den annonserte dugnaden: Åshild og Torgeir Evjen, Sølvi og Alf Kråkenes, Randi L. og Einar Hansen. Det kunne gjerne vore fleire.

I det fine veret vart det mykje utearbeid: Reparasjon av bryggje og måling av dører og glas på naust, ugrasreinsking, stell av blomsterbed og hekklipping. Stor aktivitet også innadørs med vask av kjøken og andre rom, støvsuging og anna reingjering av ei hytte som har vore mykje i bruk.

Også tid til matøkt og vaffelsteiking. Ein fin, travel og sosial dag i godt selskap, men kvar vert dei yngre kreftene av?