Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Vellykka dugnad
Publisert av: B.Aa.Eide - 10. mai 2015

.

Laurdag 9.mai var det dugnad på lagshytt med godt arbeidsver. 9 personar var frammøtte og vi fekk gjort mykje.

Plastbåten vart teken på land og reingjort etter ein lang vinter ute, teken utigjen og starta opp, motoren gikk som den skulle. Hytta vart reingjort innvendig og ein starta så smått på å skrape veggen og vinduslistene. Topp-planken på rekkverket vart også skrapa heilt fri for maling, som saman med hytte-veggen og sprossene må få eit nytt malings-strøk seinare.

Det største arbeidet gjekk føre seg på ein stor utvidelse av platningen framfor hytta, sjå bilde. Dette arbeidet vart heller ikkje ferdig, men vil verte teke opp att ut i komande veke eingong.