Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Vel gjennomført basar
Publisert av: B.Aa.Eide - 25. nov 2015

.

Med god støtte av nokre lokale produsentar av gardsmat i Nordfjord vart den årlige basaren vel gjennomført søndag den 22. nov. Dei vel 60 frammøtte hadde ei hyggeleg stund med åresalg, kaker, kaffi og saft for dei minste.Kva resultatet vart økonomisk er endå ikkje heilt klart, kjem tilbake med det.

Nordfjordlaget ønskte i år å profilere lokalmat frå Nordfjord på basaren. Ved å sponse laget med ein liten gevinst ville laget reklamere for bedrifta. Mykje av den produserte lokalmat er slikt som høver seg til jul, så tidspunktet skulle vere det beste. Det vart sendt ut forespørsel til 17 aktuelle bedrifter, men berre 4 svarde tilbake.

Piknikkurven takka vel for forespørselen, men sidan dei var i ei oppstartfase var det vanskeleg å sponse med noko. Piknikkurven held til på Sandane og sel mykje lokalmat i tillegg til te, sjokolade glas, koppar og vesker på nett. Nytt gjerne høve til få lokalmat tilsendt via posten som dei har god avtale med.

Fjellestad Gardskjøkken var og ein velvillig sponsor, av utmerket Gombe. Gardskjøkkenet kan feire 35-års jubileum i år og er sikkert velkjent for dei fleste. I Bergen kan gomba kjøpast mellom anna hos Kvamme kolonial på Strandkeien.

Fjordane Gardspresseri på Hauge på Sandane var også ein av dei velvilige sponsarane, med eplemost. Ukjent for dei fleste er kanskje at dei også har starta opp med Gardsbrenneri under varemerket Attåt: eplebrennevin og eplelikør. Kjekt å sjå at dei får det til.

Jevnlid Garden i Stryn var også velvillige til å sponse, julepølser. Jevnlid Garden har ei fin heimeside, www.jevnlidgarden.no, som fortel mykje om garden og det dei steller med der. Det som ikkje står der er at dei no føre jul har utsalg alle dagar på torget i Førde. På spørsmål om dei ikkje hadde utsalg i byn så var svaret at dei ikkje greidde å produsere meir, nærmiljøet tok unna, positivt, då er der litt å gå på.

Pernillehuset på Frekhaug sponsa også laget med heimelaga syltetøy, geleer og kaker. Du finn meir om dei på deira Faceboo side.

Ellers vil Nordfjordlaget takke alle frammøtte og ikkje minst alle dei som bidrog med gevinstar og kaker.