Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Vel gjennomført basar for Nordfjordlaget 2016
Publisert av: B.Aa.Eide - 04. jan 2017

.

Den 20. november vart den årlige basaren i Nordfjordlaget vel gjennomført. Bordet med gevinstar var truleg noko større denne gong, men oppmøtte og det økonomiske resultat var omlag som året før. Nordfjorlaget vil takke alle som har støtta laget  både med gevinstar og ved å kjøpe årar.

Nordfjordlaget ønskte i år også å profilere lokalmat frå Nordfjord på basaren. Mykje av den produserte lokalmat er slikt som høver seg til jul, så tidspunktet skulle vere det beste i slutten av november. I år var det faktisk berre lokalprodusentar frå Gloppen som støtta laget i tillegg til ein lokal produsent frå Meland, det var Pernillehuset som har mykje godt å tilby med kjerleik og omsorg i det dei lagar.

Piknikkurven  frå Sandane har i det siste året åpna eige utsalg og dei ville gjerne støtte Nordfjordlaget. Piknikkurven  sel mykje lokalmat i mange variantar i tillegg til te, sjokolade, glas, koppar og vesker på nett. Nytt gjerne høve til få lokalmat tilsendt via posten som dei har god avtale med.

Fjellestad Gardskjøkken også frå sandane var og i år ein velvillig sponsor, av utmerket Gombe. Gardskjøkkenet har feira 35-års jubileum og er sikkert velkjent for dei fleste. I Bergen kan gomba kjøpast mellom anna hos Kvamme kolonial på Strandkeien.

Fjordane Gardspresseri på Hauge på Sandane var også ein av dei velvilige sponsarane, med eplemost. Ukjent for dei fleste er kanskje at dei også har starta opp med Gardsbrenneri under varemerket Attåt: eplebrennevin og eplelikør. Kjekt å sjå at dei får det til.

Vi takkar alle som har støtta laget og ser fram til neste basar omlag på sametida i 2017.