Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Nordfjordlaget takkar Austrheim Musikklag
Publisert av: B.Aa.Eide - 10. okt 2017

.

Dette vart teke inn og stod å lese i Firda Tidende måndag 9. oktober:   

Nordfjordlaget i Bergen vil takke Austrheim Musikklag for den kjekke spele og dansekvelden dei sytte for, på si reise til Lindesnes, for oss i Nordfjordlaget i Bergen.

 Det er svært prisverdig for ein 100 åring å reise rundt slik dei gjer, til glede for så umåteleg mange. Det er og verd å merke seg at dei spela for oss i nærmare 2 timar utan å spele oppatt melodiar, med eit unnatak. Reportuaret er derfor særdeles rikt, unnataket kom frå ein danse glad person som så gjerne ville få spelt ein melodi  ein gong til, noko dei sjølvsagt gjorde. 

Det vart nemnd at dei på sin tur nordover hadde spela 85 forskjellige melodiar, det må vere noko å holde styr på for ein 100 åring.

 Umåteleg kjekt at nokon set seg høge mål og greier å gjennomføre dei, kan det vere ein Gloppen mentalitet?

Tusen takk igjen til ein vel oppegåande og sprek 100-åring, lykke til vidare i åra som kjem.


MVH
Bjørn Aage Eide
Formann i Nordfjordlaget i Bergen