Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

VÃ¥rslepp 2019
Publisert av: B.Aa.Eide - 12. mar 2019

.

Sundag den 7. april kl 16 i Gimle vert det "Vårslepp" for Nordfjordlaget. Vi vil prøve å sjå om dette er noko som kan interessere medlemane med vener no på vårparten.

Det vert kaker, kaffi/saft på inngangsbiletten kr 20, samt deltaking på utloddning av ein rekke blomster. Det vert lettare underhaldning. 2 gonger åresalg med forhåpentleg mange fine gevinstar. Det viktigaste og hovudhensikten er å kunne treffe store og små som er interisserte i Nordfjord og det Nordfjordlaget i Bergen steller med og har å tilby medlemene.

Vi håpar mange har anledning til å vere med.

Vi sender også ut informasjon til dei av medlemene vi har e-post adresse til. Dessverre kostar det så mykje med brev i posten at det mest ikkje lar seg gjere lenger. Det hadde derfor vore kjekt om de informerte andre som kanskje ønskjer å vere med.