Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Fin dugnad på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 05. mai 2019

.

Laurdag 4. mai vart det gjennomført dugnad på lagshytta. Det var litt kald nordavind, men sola varma og det var eit utmerket arbeidsveir.

Vi var ikkje så mange som ein kan sjå på vedlagt bilde, men i tillegg til fotografen var også Torgeir Evjen med, men han var oppteken med å bunnsmørje plastbåten. I tillegg til å på stelt plastbåten med vask og bunnsmørjing, fekk motoren ny gearolje. Innvendig var det ikkje så mykje å vere då dei siste brukarane hadde stelt alt godt i stand. Utvendig var det rydding og klipping. Toppen på rekkverket fekk seg eit nytt strøk maling og asfaltkanten fekk ein god støttekant i betong. Det vart ein hyggeleg dugnadsdag og vi fekk utført det meste av det vi hadde planlagt.

Takk til alle som deltok og som sørgar for at eigedomen til laget vert teken vel vare på til glede for alle brukarar.