Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Basar i Nordfjordlaget 2019
Publisert av: B.Aa.Eide - 22. okt 2019

.

Då er det snart klart for den årvisse basaren i Nordfjordlaget i Bergen. Den vert i år den 17. november kl 16 i Gimle. Vi har i år også tinga storsalen for å få plass til alle. Ein god gammaldags basar med åresalg er kjekt for både store og små.      

Det kostar å drive eit lag med eige hus, naust og båtar. Basaren har dei siste åra gjeve eit kjærkome bidrag og har ikkje minst vore ei kjekk samlingsstund for alle.

For å få til ein basar så treng ein vinstar, vi oppfordrar derfor så mange som mogeleg til å bidra i år også. Som i fjor hadde det også vore kjekt om nokon kan bidra med bakverk av eit eller anna slag. Dei som bidreg vil få ei kjærkomen takk.

Vi håpar i år også på mykje godt til kaffien/safta og god stemning heile ettermiddagen med eit rikholdig bord med vinstar. 

Vel møtt på søndag den 17. november kl 16:00

PS: Kjem tilbake med meir informasjon for kansje vert det underhaldning også.