Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Roald Hessevik har gått bort.
Publisert av: B.Aa.Eide - 02. juli 2020

.

Roald på sin90 årsdag 1.mars 2018

Det er med sørg at vi mottok informasjonen om at Roald Hesaevik gjekk bort den 28. Juni. Han vart vel 92 år. Bilde er frå dagen då han vart 90 år og laget overrekte ein blomsterbukett til jubilanten.Roald gjekk bort i heimen etter eit kort sjueleie.Roald har betydd mykje for Nordfjordlaget i Bergen. Han var ein solid støttespelar for laget og har skreve mange prologar og rim om laget og laget sin historie. Han og kona var alltid tilstades  på Nordfjordlaget sine samankomstar og var alltid positive til laget og støtta opp om nordfjordkulturen.

Nordfjordlaget har sendt ein bårekrans til Rolald si gravferd fredag 3. juli i Eidsvåg kirke kl 14.

På kransen vil der stå: Takk for god og allsidig støtte over mange, mange år. Ei siste helsing frå Nordfjordlaget i Bergen 

Roald vil verte hugsa som ein person levande oppteken av Nordfjordlaget og Nordfjord  generelt. Han og kona var alltid positive til å delta og gje sitt bidrag ved alle høve i minst 60 år. Roald var æresmedlem i laget. Det er med sorg at eit kjært medlem har gått bort. Vi vil prøve å ta vare på alle bidrag vi har fått frå han, det er ikkje få.