Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Kjekk dugnad i Hummelsund
Publisert av: B.Aa.Eide - 08. mai 2021

.

Da er dugnaden i mai vel gjennomført på eigedomen til laget i Hummelsund. Neste dugnad er i august og moglegheit for å gjere seg kjent med eigedomen. Vi var heldige med veret, det vart sol og ganske varmt i solveggen. Vi var ikkje så mange, men koronatida spelar vel litt inn her også. Vi som var der hadde derimot ein fin og koseleg dag med mykje godt arbeid utført.

Vi fekk limt på plass sprossa for eine vindauge, den knakk i 3 deler i vinter. Vi fekk forsterka kjettingane til flytebryggja. Fekk også vaska båten under for groe og denslags og der etter testa motoren. Den startar greit, men det viser seg at når den er varm og stopper, er det litt vanskeleg å få start på den igjen. Vi skal gjere ein enkel overhaling på forgassaren med filter då det har vore vatten på tanken her tidlegare, kanskje også få justert opp turtallet litt meir.

 Vi fekk også saga ned meir trær i fjera slik at det no er fri utsikt til sjøen. Hekken fek seg også ein etterlenkta stuss. Inne i huset vart det både støvsuga og vaska, til og med i boda vart teppa hengt ut. Det viser seg at boda er litt for tett så der skal vi få satt inn nokre ventilar. Utemøblane fikk seg også ein oppfriskning med vaselinolje, vart mest som nye.Eit godt triks å nytte vaselinolje på denslags plast møblar og liknande.

Alt i alt ein vellykka dag med mykje godt utført arbeid. Lagshytta står frem som svært positiv og brukar venneleg, det meste er på stell. Har nå fått tak i nye nøklar til bosskonteineren som står litt oppe i vegen, må berre huske på å henge nøkkelen på plass ved sidan av dei andre nøklane. Om ein månadstid kjem sikkert fiber på plass med internett og enkelt TV-tilbud.

Takk til alle som deltok