Siste dokument

24.04.2017
Styre og nemder for 2017

...

Last ned document

24.04.2017
Aktivitetar 2017

Aktivitetar for 2017...

Last ned document

15.03.2016
Aktivitetar for 2016

...

Last ned document

Historia til Nordfjordlaget

Nordfjordlaget i Bergen vart skipa den 22 april 1914, laget er såleis 100 år no i 2014. Laget var det fyrste reine bygdelaget i Noreg. Det var 41 menn og 10 kvinner som skreiv seg inn som medlemar på skipningsdagen. 

Festskrift:

Det finst 4 skrifter gjevne ut i høve laget sine 25, 35, 50 og 75 års feiring. Spesielt er hefta for 25 og 50 års feiringa ganske fyldige, fyldigare enn dei andre to, men dei utfyllar kvarandre ganske bra. Det skulle ha vore høveleg med eit festskrift ved 100 årsfeiringa, men slik vert det ikkje. Det vil seinare under denne historie sida kome noko meir utfyllande om dei siste 25 åra.

Forhistoria til laget:

Forhistoria til skipinga var at mange nordfjordingar gjekk kring om i byn og visste lite om kvarandre. Dei lengta visseleg mang ein gong etter å råke ein og annan heimanfrå, så dei på heimleg vis kunne få seg ei samrøde om livet og folket og bygda og fjorden. Hjå alle desse som kjende det på den måten, måtte så tanken til ingeniør Sigurd Hertzberg om å skipa eit nordfjordlag, både slå an og fengje. Det laut då vere eit lag der nordfjordingar kunne kome saman for å friske opp att minna frå barneheimen, styrkje og verne om Nordfjord-kulturen midt i bysamfunnet. Den 13. mars 1914 vart det sendt ut ei innbyding til nordfjordingar i og kring Bergen om å møtast 16. mars 1914 for å drøfte tanken om eit Nordfjordlag.

Disse vyrde menn hadde skreve under innbydinga: Ingeniør Sigurd Hertzberg, lærarane Jacob Aaland, Olav Taraldset, Kristen Bolstad og så redaksjonssekretær Halfdan Eide.

Dagen kom, og mange møtte i lokalet til Håndverkessvendenes Forrening. Lyden trong ikkje lang tid til å gje tanken sin stønad. Ei lovnemd vart så vald til å førebu skipinga og kome med framlegg til lover for det påtenkte laget.

Godt ein månad etter, den 22. april 1914, møtte så nordfjordingar igjen mangmente i same salen. Framlegg til lover for eit Nordfjordlag vart lagde fram for møtelyden og etter ei heller stutt drøfting vedtekne, og Nordfjordlaget i Bergen, det fyrste bygdelaget i landet, vart skipa.

Til styre vart valde: Jacob Aaland, formann; Sigurd Hertzberg, varaformann; Fru Karin Ellingsen, kasserar; Halvdan Eide, sekretær; Magnhild Bøe, hjelpesekretær.

Flokken var ikkje så stor, men han voks fort. Før året 1914 gjekk ut var det heile 96, og etter det første arbeidsåret i alt 107 lagsmenn. Laget treivst såleis godt, endå arbeidet i det første året vart noko meinka av di formannen var så mykje borte frå byn, og varaformannen var sjuk. Laget  arbeide godt og alt 4 år seinare i 1919 var medlemstalet kome opp i 335.

Lovene til Laget:

Dei første lovene for Nordfjordlaget seier greitt ifrå om føremålet til laget, og kva det skal arbeide for. Lovene vart noko brigda i 1922, og kom då både på nynorsk og vanleg bokmål. På årsmøtet i 1934 vart det gjort nokre mindre brigde; men grunntanken finn ein i § 1, og den har alltid vore den same:

"§ 1 -Nordfjordlaget i Bergen vil samle nordfjordingar i og kring Bergen, og vil halde nordfjordkulturen ved lag og verne om bygdeminna. Så langt laget rekk, vil det med råd og rettleiing hjelpe nordfjordingar som anten er ein tur i by'n eller er flytte hit".

Frå festskrifta som er laga, kan ein mellom anna lese :

"Dei som stod i brodden for skipinga av laget gjorde dette berre ut i frå ynskjet om å samle nordfjordingane i byen slik at dei kunne kome saman med vener og sambygdingar. Ein kan difor seie at det på ein måte berre var eit selskapslag. Laget sin start hadde ingen ting med ungdomslagstanken eller ungdomsrørsla å gjere. Dei som ville gå meir aktivt inn i arbeidet for nynorsken eller andre meir politiske - nasjonale saker, kunne samstundes stå i dei to ungdomslaga, dvs Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen. Serinare viste det seg at dette var ein styrke for laget." Spesielt vart dette viktig for laget under krigen, då Nordfjordlaget ikkje kom inn under NS sin organisering av ungdomslaga i Norge.

Av bygde og ungdomslag I Bergen kan ein nevne at Vestmannalaget vart skipa i 1868. Laget er eit reint mållaget og sågar det eldste mållaget i landet.

Ervingen vart skipa i 1900. Laget er også eit mållag med formål å ta vare på norsk mål, ta vare på og verna om norsk kultur og skape eit godt ungdomsmiljø.

Bondeungdomslaget som vart skipa i 1909, var også eit mållag med formål å styrkja og fremja det norske målet. i tillegg skulle laget drive vanleg ungdomsarbeid.

I 1914 vart så Nordfjordlaget skipa i Bergen, men som nemnt var dette laget eit reint selskapslag utan spesiell knytnig til målføre eller ungdomslagsarbeid, det eldste selskapslaget i Norge.

Særlag: I Nordfjordlaget var det opp gjennom åra fleire særlag.

Kvinneforeininga: Det viktigaste særlag som reint økonomisk har hatt mest å seie, var nok Kvinneforeininga eller "Nordfjordlagets syklubb". Alt før den første marknaden i 1919 var ho i fult arbeid. Det er vel kvinnene laget kan takke for opptaket til marknadane først i 1919 så 1921 og tilslutt i 1923. Det var kvinnene som gjennom sitt arbeid la grunnen til laget sitt husfond. Det var nok også kvinnene ein kunne takke for at laget kunne feire 50 årsdagen i eige hus. dei 3 marknadane gav ein kapital på kroner 27.100. Dessverre gjekk ein tredjedel tapt då Landsbanken gjekk konkurs. Dette tapet gav lagsarbeidet ein knekk for lange tider, men kvinneforeininga heldt fram heilt til siste krigen i 1940.

Spellaget: Utfrå kvinneforeininga vaks andre særlag opp. I 1919 tok spellaget til Nordfjordlaget til, framfor den store marknaden. Under denne og seinare var spellaget fleire gonger i elden. mellom desse nemner ein då den seinare landskjende skodespelaren Alfred Maurstad. Han var i 1924 ogsåinstruktør for "Hermann". I 1921 baud Nordfjordlaget ut til tevling om eit skodespel antan på nynorsk eller bokmål. Det kom inn fleire skodespel, men berre eit vart premiert. Det var "Gull og grøne skogar" av Amund Mork. Stykket vart fleire gonger ført opp i laget.

Songlaget: I 1920 fekk Nordfjordlaget sitt songlag. Dette vesle songlaget arbeidde godt, særleg under marknaden i 1923, då laget vann den fornemde dampsskipsfløyta, som var satt opp som vandrepremie. Det var eit stort tap då songlaget i 1927 laut stogge, og fleire av songarane gjekk inn i bygdelagskoret "Gjallarhorn".

Dansarringen: Dansarringen kom i gong til marknadane og gjorde eit godt arbeid. Dansarringen var med under den første turen til Nordfjord i 1923. Det synte seg vanskeleg å holde ringen oppe. Ein av grunnane var at deltagarane laut ha nasjonalbunader og desse var dyre. Dei låke tidene gjorde og sitt til at laget ikkje hadde beinveges pengeutlegg til hus, musikk og instrukrør.

Musikk laget: Før 1920 var det musikk i laget ved ein trio (Andreas Eide, L. Thommasgård og J. Felde). Frå desse kom så tanken om å skipe eit strykeorkester. Musikklaget hadde til føremål å vekkje og auke interessa for musikk innan Nordfjordlaget samstundes som det skulle hjelpe til på gilde og møter. Laget voks og hadde i 1922 18 medlemar. Men øvingar kvar veke sette store krav og det var ikkje lett for mange av dei bærande å finne tid til dette. Nokre melde seg ut og i 1923 gjekk musikklaget inn.

Turar til Nordfjord:

Lengten etter dei stader der ein er fødd og boren, og der ein har levd si beste tid, gjorde at laget heilt frå første leveår emna på tur heim til Nordfjord.

Men først i 1923 bar det til. leiar for ferda var Gudmund Fauske. Pinseaftan la "Nordfjord 1" fullsett ut frå Nykirkekaia og stemnde nordetter. Spellaget, songlaget og dansarringen til Nordfjordlaget var med, og frå Måløy og Måløy musikklag. Det var den turen at Nordfjordlaget fekk som gåve av Fylkesbåtane den første dampskipsfløyta som skal ha lydd over Nordfjord. 

Ein ven pinsedagsmorgen bar det innetter fjorden, og vi kom til Nordfjordeid ved 8:30tida, helsa med salutt. Her tala overlærar Johan Bøe så vent for "pinsedags morgen i Nordfjord". Det bar så vidare innover til Sandane, innvik, Stryn og Olden, der ferdafolket vart vel mottekne med duka bord, rjomegraut og spekekjøt. Det vart så taler song og framsyning av folkeviseleik og spelstykke". 

Dette var følste turen som Nordfjorlaget hadde. Den var så overlag gild at dei ville ha ein ny om ikkje så lenge, var det sagt. 

Men først i 1932 vart det ei ny ferd, denne gongen saman med bygdelags-songkoret Gjallarhorn, dirigent J.L.Mowinckel jr. Leiar for ferda var O.Lunde. Det laga seg så at tredje pinsdag det året fall på 17. mai, så vi fekk ein dag meir til turen. Dei to laga  leigde "Kommandøren", og pinseaftan bar det nordetter. Det gode veret, song og musikk og godt lag skapte snart ei stemning ombord som stort sett heldt seg under heile ferda. Nordfjorden og bygdene hadde og retteleg teke vårskrudet på seg -- og ferdafolket vart meir og meir hugtekne etter som det bar innetter, særleg då dei som ikkje hadde sett desse bygdene før. Ein sogning ville byte bort Sogn med Nordfjord om han fekk "aldri så lite tære i byte".

Skjeldan eller aldri har det vore så mangment frammøte på Vissnesbryggja i Stryn av bygdefolk som ville helsa ferdafolket velkomne. Bryggja og vegen og knausane var svarte av folk då "Kommandøren" kom siglande frammed landet, og salutten small frå land og båten og vart kasta dundrande attende frå fjella. 

?>